tirsdag 17. juli 2012

Valgrenda, Storfjord og Stamsund

Trond-Eirik og Elin var so hyggelege at dei let meg svinge innom på besøk. Dei serverte lapskaus med lam laga av bestemor på garden, og ei intens sjokoladekake med kaffi til dessert. Det mangla ikkje på gode tips til fjellturar og fisketurar heller. Veldig triveleg, med andre ord.

Dagen i dag blei mest brukt som kviledag, men eg fekk køyrt eitpar hundre kilometer idag også. Faktisk runda eg 1000km tilbakelagt distanse, og kom opp i 1100 før sykkelen blei parkert.

Eg fekk også ein makrel (som fekk fridomen tilbake), og ein eremittkreps (som blei middag (haha neida)).

I morgon går turen til Ballstad og Å, samt kringliggande område.
















1 kommentar:

  1. Herlig at du fikk "brukanes ver". Blir enda bedre i dag (onsdag). Flotte bilder, god tur videre! :-)

    SvarSlett