lørdag 21. juli 2012

Heime!

Puh, då var turen overstått. Tilbakelagt distanse er rundtom 230-240 mil. Her er reiseruta teikna opp på kartet: http://goo.gl/maps/YJLn Trondheim var hyggeleg nok til å ønske meg velkommen med eit regnskyll som eg knapt har sett maken til på heile turen. Men det prellar av som vatn på gåsa :D Fysisk sett er eg i overraskande fin form. Eg har fått to myggstikk, ett på albuen og ett på nasa. Eg kjem sikkert til å bli litt støl i nakken dei neste dagane, men sånt må ein rekne med. No gjenstår klesvask, sykkelvask, Andreasvask og planlegging + pakking for ferien vidare. Takk for følget so langt! Det kjem muligens nokre fleire bilete ittekvart :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar