søndag 15. juli 2012

Endelig i seng

Det blei 676 km på vegen idag. Eg fann ein fin campingplass ved ein liten fjord som heiter Nordfjorden, av alle ting. For å kome hit lyt ein køyre gjennom Nordfjordtunnelen. Staden er faktisk ganske naturskjøn. Akkurat som den "ekte" Nordfjord :)

Teltet, eit billig Heilsport Nordmarka 2, også kjent som Nordmarka 1 Andreas, var ganske lett å setje opp. Tidligare har eg pleid å berre bruke fjellduk og søvepøse, og eg må innrømme at telt og sjølvoppblåsande liggeunderlag representerar eit heilt anna nivå av komfort.

I morgon er målet å ta ferga frå Bognes til Lødingen, og deretter suse nedover Lofast. Eg reknar med at det blir mindre triveleg veir ute i Lofoten, men denne gongen er eg godt forberedt på det.

God natt!







1 kommentar:

  1. Må vel få lov til å påpeke at det var en del slark i teltduken din... Så det der synes jeg du må jobbe litt mer med ;-)

    SvarSlett