lørdag 21. juli 2012

Heime!

Puh, då var turen overstått. Tilbakelagt distanse er rundtom 230-240 mil. Her er reiseruta teikna opp på kartet: http://goo.gl/maps/YJLn Trondheim var hyggeleg nok til å ønske meg velkommen med eit regnskyll som eg knapt har sett maken til på heile turen. Men det prellar av som vatn på gåsa :D Fysisk sett er eg i overraskande fin form. Eg har fått to myggstikk, ett på albuen og ett på nasa. Eg kjem sikkert til å bli litt støl i nakken dei neste dagane, men sånt må ein rekne med. No gjenstår klesvask, sykkelvask, Andreasvask og planlegging + pakking for ferien vidare. Takk for følget so langt! Det kjem muligens nokre fleire bilete ittekvart :)

Høylandet du liksom

Det blei en solid detour via Valøya og Rørvik. Tilbakevegen har so langt gått via ferje til Lund og over Høylandet. Men Høylandet ekje so veldig høgt egentleg. Eg trur faktisk ikkje eg var over 300moh. Men sånn er det i Trøndelag, alt muleg rart får passere som "høgt", eller for den del "fjell".

Men vegane var fine. No er eg på Rv17 igjen og køyrer mot Namsos, Steinkjer og Trondheim.



Episk teltplass




Propellen

Er øydelagt :( Må ha ny :(


fredag 20. juli 2012

Texi

Texi er ein søt liten hund som låg i veikanten og va søkkblaut og såg veldig forkommen ut. Etter ein liten leiteaksjon fann vi eigaren ganske lett. Texi hadde stukke av frå innhegninga si ganske so nettopp, og eigaren var glad for at ho kom til rette so kjapt. Dagens lille og antakeleg einaste gode gjerning :D


Stropping

Stropping er ittekvart blitt rutine på ferjene i disse trakter. Eg har no ordna meg nokre strammeband slik at den prosessen blir litt mindre stress.



Llama

Det var også ei ku på denne vegen. Variert fauna mao.


De syv something

E det dei toppane her som blir omtalt som dei sju systre, skal tru? Hondaen var klar for fjelltur, men vi måtte rekke ferja :)


Utskarpen



Brua si det


Ferje til Kilboghamn




Jektvika

Overnatting med to tyskarar frå Dortmund som hadde køyrt over 5000 kilometer dei siste to vekene.




Svartisen

Eller iallfall litt av den.


Saltstraumen




torsdag 19. juli 2012

Venterom

Turen går no langs RV17 og eg må seie at det er ein nydeleg veg. Akkurat som heime. Eg stoppa innom saltstraumen og prøvde fiskelukka, der var det bra bet, mildt sagt. Eg køyrde også forbi Svartisen og diverse fine fjordar.

I dag går turen vidare til Sandnessjøen og antakelig litt lenger.

Natta blei forresten tilbrakt på eit venterom med to tilsynelatande hyggelege tyske motorsyklistar på AT og Super-10. Keep your friends close..

onsdag 18. juli 2012

Nusfjord

Nusfjord var ein utruleg flott stad. Her freista eg fiskelykka litt men fekk berre et grovt napp før eg sette fast og sleit sluken. Ikkje akkurat stint av fisk, virka det som.







Ymse + status

Diverse bilete frå dagens køyring som ikkje fall inn under dei andre postane.

Det har blitt langt mellom oppdateringane, men det kjem av at telenettet her er litt sånn midt på treet. Og blogger-appen taklar ikke ustabil linje når eg hektar på mange bilete :/ difor må eg oppsøke wifipunkt og stader med 3g eller hspda eller kva det no heiter.

Elles siktar eg på å ta ferja over til Bodø i morgon. Då byrjar turen nedover langs Kystriksvegen. Det blir sikkert nokre bilete der også (:






tirsdag 17. juli 2012

Valgrenda, Storfjord og Stamsund

Trond-Eirik og Elin var so hyggelege at dei let meg svinge innom på besøk. Dei serverte lapskaus med lam laga av bestemor på garden, og ei intens sjokoladekake med kaffi til dessert. Det mangla ikkje på gode tips til fjellturar og fisketurar heller. Veldig triveleg, med andre ord.

Dagen i dag blei mest brukt som kviledag, men eg fekk køyrt eitpar hundre kilometer idag også. Faktisk runda eg 1000km tilbakelagt distanse, og kom opp i 1100 før sykkelen blei parkert.

Eg fekk også ein makrel (som fekk fridomen tilbake), og ein eremittkreps (som blei middag (haha neida)).

I morgon går turen til Ballstad og Å, samt kringliggande område.