lørdag 21. juli 2012

Heime!

Puh, då var turen overstått. Tilbakelagt distanse er rundtom 230-240 mil. Her er reiseruta teikna opp på kartet: http://goo.gl/maps/YJLn Trondheim var hyggeleg nok til å ønske meg velkommen med eit regnskyll som eg knapt har sett maken til på heile turen. Men det prellar av som vatn på gåsa :D Fysisk sett er eg i overraskande fin form. Eg har fått to myggstikk, ett på albuen og ett på nasa. Eg kjem sikkert til å bli litt støl i nakken dei neste dagane, men sånt må ein rekne med. No gjenstår klesvask, sykkelvask, Andreasvask og planlegging + pakking for ferien vidare. Takk for følget so langt! Det kjem muligens nokre fleire bilete ittekvart :)

Høylandet du liksom

Det blei en solid detour via Valøya og Rørvik. Tilbakevegen har so langt gått via ferje til Lund og over Høylandet. Men Høylandet ekje so veldig høgt egentleg. Eg trur faktisk ikkje eg var over 300moh. Men sånn er det i Trøndelag, alt muleg rart får passere som "høgt", eller for den del "fjell".

Men vegane var fine. No er eg på Rv17 igjen og køyrer mot Namsos, Steinkjer og Trondheim.



Episk teltplass




Propellen

Er øydelagt :( Må ha ny :(


fredag 20. juli 2012

Texi

Texi er ein søt liten hund som låg i veikanten og va søkkblaut og såg veldig forkommen ut. Etter ein liten leiteaksjon fann vi eigaren ganske lett. Texi hadde stukke av frå innhegninga si ganske so nettopp, og eigaren var glad for at ho kom til rette so kjapt. Dagens lille og antakeleg einaste gode gjerning :D


Stropping

Stropping er ittekvart blitt rutine på ferjene i disse trakter. Eg har no ordna meg nokre strammeband slik at den prosessen blir litt mindre stress.



Llama

Det var også ei ku på denne vegen. Variert fauna mao.